Helseatlas ortopedi

Helseatlas ortopedi

I Noreg er det eit overordna politisk mål at helsetenestene skal vere likeverdig fordelt på innbyggarane uansett kvar vi bur, og at behandlingstilbodet skal vere tilpassa pasientane sine behov. Det er derfor ei sentral oppgåve å få fram i kva grad dette målet blir nådd.

Opptaksområder

Eit opptaksområde er kommunar, og eventuelt bydelar, som eit helseføretak har ansvar for å gi helsetenester til. Inndeling i opptaksområde kan variere etter fagområde.

Buområde

I helseatlaset er variasjonen i bruk av helsetenester vurdert mellom ulike buområde. Analysane er gjort ut frå kva kommune, eller bydel i Oslo, pasientane bur i, og buområda svarar i grove trekk til helseføretaka sine opptaksområde. Eitt unntak frå den inndelinga er at Lovisenberg og Diakonhjemmet sine opptaksområde er lagt til buområde Oslo Universitetssykehus (OUS). Dette fordi Lovisenberg ikkje har akuttfunksjon eller lokalsjukehusoppgåver innan ortopedi, som for eksempel ved brotskade. Som tilleggsanalyse har vi likevel sett på forbruksratane fordelt på OUS, Lovisenberg og Diakonhjemmet – sjå her. Bruk av helsetenester analysert ut frå buområde, viser innbyggarane i området sin bruk av helsetenester uansett kvar behandlinga er utført.

Her kan du hente oversikt over kva kommunar og bydelar som høyrer til i buområda : Last ned buområda.